Kort fortalt

Går mot ny cruiserekord

Passerer tre millionar besøkande.

09.01.2017
(NPK): Talet på cruiseturistar som vil besøkje Noreg blir truleg rekordhøgt i år.
Prognosen for 2017 frå marknadsføringsorganisasjonen Cruise Norway, som dei fleste norske cruisehamnene er medlem av, viser at Noreg truleg vil få nær 1900 anløp frå cruiseskip med til saman 3.076.000 passasjerar, skriv Dagens Næringsliv.
Sjølv om talet på anløp var høgare for nokre år sidan, vil passasjertalet likevel bli rekordhøgt då cruiseskipa blir stadig større. Talet på passasjerar blir så høgt som over tre millionar fordi passasjerane blir talde i kvar hamn, og deretter blir talet summert.
Bergen framleis den største cruisehamna i Noreg. Likevel er det Hardanger/Eidfjord som stikk av med den største veksten i år på 64 prosent, følgt av Tromsø med 47 prosent. Ingen av dei store hamnene får nedgang frå i fjor, ifølgje prognosen.

Publisert: 09.01.2017 12:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43