(NPK-NTB): Då Noreg innførte strenge koronarestriksjonar i veke 11, hadde helsetenesta kirurgiske munnbind for berre fire veker med normalt forbruk.
Det kjem fram i frå helseminister Bent Høie (H) til stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp).
– Det er nærast ein skandale at vi var så dårleg førebudd ute i helseføretaka, trass i mange beredskapsplanar og stortingsmeldingar. Det kunne gått veldig gale med så liten restkapasitet, seier Toppe til .
Styresmaktene har lenge halde tilbake informasjon om kor stor behaldninga for smitteverneutstyr har vore. Tidlegare har dei forklart at det vil føre til frykt og uvisse blant befolkninga.
Så tidleg som i januar vurderte helseføretaka lagerbehaldninga og starta oppbygging. Produsentane hadde derimot problem med å framstille og levere utstyr allereie i månaden før koronaviruset kom til Noreg som følgje av smittespreiinga i verda, forklarer Høie.
Toppe meiner svaret frå Høie viser kor dårleg det stod til med tilgang på smittevernutstyr.
– Det er eit springande punkt kva normalt forbruk betyr. Det kan jo vere at ei veke med normalforbruk vart brukt opp på ein dag i denne situasjonen. Uansett er det å berre ha fire vekers forbruk av munnbind når landet står midt i ein pandemi, eigentleg det same som å ha gått tom, seier Toppe.
Høie seier likevel at situasjonen framleis er utfordrande på grunn av knappleik på smitteverneutstyr globalt.
– Det har vore, og er framleis, ein omfattande og kontinuerleg innsats for å få på plass mest mogleg utstyr til helsetenesta, seier Høie.
(©NPK)
Det kjem fram i frå helseminister Bent Høie (H) til stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp).
– Det er nærast ein skandale at vi var så dårleg førebudd ute i helseføretaka, trass i mange beredskapsplanar og stortingsmeldingar. Det kunne gått veldig gale med så liten restkapasitet, seier Toppe til .
Styresmaktene har lenge halde tilbake informasjon om kor stor behaldninga for smitteverneutstyr har vore. Tidlegare har dei forklart at det vil føre til frykt og uvisse blant befolkninga.
Leveranseproblem
Den 12. mars var lagera av smittevernutstyr allereie vorte reduserte grunna auka forbruk og mindre leveransar enn normalt.Så tidleg som i januar vurderte helseføretaka lagerbehaldninga og starta oppbygging. Produsentane hadde derimot problem med å framstille og levere utstyr allereie i månaden før koronaviruset kom til Noreg som følgje av smittespreiinga i verda, forklarer Høie.
Toppe meiner svaret frå Høie viser kor dårleg det stod til med tilgang på smittevernutstyr.
– Det er eit springande punkt kva normalt forbruk betyr. Det kan jo vere at ei veke med normalforbruk vart brukt opp på ein dag i denne situasjonen. Uansett er det å berre ha fire vekers forbruk av munnbind når landet står midt i ein pandemi, eigentleg det same som å ha gått tom, seier Toppe.
Større kapasitet
Dei siste vekene har Noreg fått fleire store leveransar med smitteverneutstyr frå utlandet og har styrkt behaldninga betrakteleg. Lagera med kirurgiske munnbind har no auka frå fire veker med normalt forbruk til 123 veker.Høie seier likevel at situasjonen framleis er utfordrande på grunn av knappleik på smitteverneutstyr globalt.
– Det har vore, og er framleis, ein omfattande og kontinuerleg innsats for å få på plass mest mogleg utstyr til helsetenesta, seier Høie.
(©NPK)
Publisert: 13.05.2020 10:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27





