Kort fortalt

Halv milliard til pakkereiser

Pakkereisearrangørane får støtte.

12.06.2020
NPK-NTB: – Pakkereisearrangørane er i ein situasjon der dei knapt har bestillingar, og dei har mange kundar som har fått kansellert reisene sine, og som ventar på pengar, seier Frp-nestleiar Sylvi Listhaug. Støtten på 500 millionar kroner er klar etter at regjeringa og Frp vart samde om revidert nasjonalbudsjett og nye koronatiltak.
Listhaug understrekar at støtta til selskapa skal komme kundane til gode.
Hovudorganisasjonen Virke meiner løysinga for pakketurarrangørane ser ut til å berge mange norske verksemder, og at det er ein «sårt trengt livsbøye til norsk reiseliv.»
− Ein av fire utanlandske turistar kjem til Noreg med ein reisearrangør. Dei er ein livsnerve for norsk reiseliv. I tillegg vil mange norske forbrukarar no få igjen feriepengane sine. Det er vi glade for, seier Ivar Horneland Kristensen, administrerande direktør i Virke i ein e-post til NTB.

Publisert: 12.06.2020 09:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26