NPK-NTB: 531 føretak har fått utbetalt totalt 2,2 millionar kroner for mykje frå kompensasjonsordninga for bedrifter råka av koronakrisa.
Samtidig kan hundre føretak ha fått utbetalt 400.000 kroner for lite, skriv Skatteetaten i ei .
Det dreier seg om ein utrekningsfeil som førte til at tilskot frå ordninga ikkje vart rekna som ein del av omsetnaden, men vart trekt ifrå venta omsetnad. Dermed fekk 531 føretak utbetalt 2,2 millionar kroner for mykje for mars og april.
– Fire føretak har fått utbetalt meir enn 100.000 kroner for mykje. Den høgaste utbetalinga er 358.000 kroner samanlagt for mars og april. Feilen er retta opp, og fleire av dei ramma føretaka har allereie levert korrigert oppgåve, seier seksjonssjef Stine Olsen i Skatteetaten.
Etaten vil kontakte føretaka det gjeld for å få betalt tilbake det som er for mykje utbetalt.
I tillegg ser rundt hundre føretak ut til å ha misforstått kva beløp som skulle leggjast inn i feltet «andre tilskot». Det har ført til at dei kan ha fått utbetalt til saman rundt 400.000 kroner for lite i stønad frå kompensasjonsordninga.
– Desse føretaka blir varsla om at dei må søkje på nytt sidan Skatteetaten ikkje har høve til å overstyre informasjonen gitt i søknadene, seier Olsen.
I alt 22.873 føretak har fått innvilga og fastsett stønad på vel 2,24 milliardar kroner. Kompensasjonsordninga for koronaråka bedrifter vart innført i midten av april.

Publisert: 09.06.2020 11:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26