Kort fortalt

Har knekt koden

Ny metode kan gjera fiskeslam til biogass.

28.12.2016
(NPK): Takka vera ny teknologi kan fiskeslam frå oppdrettsanlegg gjerast om til biogass. Både politikarar og miljøforkjemparar helsar metoden velkommen.
Metoden går ifylgje ut på at slammet frå lukka merdar blir pumpa opp frå sjøen og frakta i land. Deretter blir saltinnhaldet i slammet fjerna og slammet blir forvandla til biogass.
Eit oppdrettsanlegg i Brønnøysund har alt testa ut den nye teknologien. Ved hjelp av anlegget Ecopro i Trøndelag blir avfallet frå merdane omdanna til biogass. Etter det NRK fortel, skal anlegget i Trøndelag vera ein av dei første i verda som har knekt denne koden.
Leiar i Norges Miljøvernforbund Kurt Oddekalv er svært positiv til nyvinninga.
– Samtidig som denne metoden kan redusera lakselus, er det også svært positivt at fisken slepp å symja rundt i sin eigen kloakk, seier han til kanalen
Også statssekretær for fiskeriministeren, Roy Angelvik, har stor tru på den nye teknologien.
– At dette er framtida er det ingen tvil om, seier han.
Også fleire andre stader i landet blir det arbeidd for å utnytta fiskeslam som ein ressurs, anten som biogass eller på andre måtar.

Publisert: 28.12.2016 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43