Kort fortalt

Har sikra nytt elkraft-studium

Sparebanken Sogn og Fjordane går inn med 1,5 millionar kroner og sikrar oppstart på nytt studium for elkraft-ingeniørar i fylket. 

Ivar Myklebust Longvastøl
20.12.2013
Det er bransjen sjølv som har gått i spissen for å etablere det nye studiet på ingeniørhøgskulen i Førde, som er ein del av Høgskulen i Sogn og Fjordane.
- Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga har no gått inn med 1,5 millionar kroner som har mangla på 12,5 millionar kroner i ekstern kapital for å drifte studiet i to år, og finansiere eit topp moderne laboratorium,
Bransjen har sagt at fylket treng minst 120 nye elkraft-ingeniørar dei neste ti åra, og at denne kompetansen er avgjerande for å halde posisjonen som ein viktig arena for tradisjonell og ny energi.
Næringslivet og fylkeskommunen er samde om at energi skal vere eit av felta Sogn og Fjordane skal vere best på, med utgangspunkt i rapporten "Eit kunnskapsbasert Norge".

Publisert: 20.12.2013 07:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22