Hareid Group med oppdrag på fire skip
– Solid ordrebok i både 2025 og 2026, fortel HG Teknikk-sjefen.
Hareid Group har inngått kontraktar med Ulstein Elektro Installasjon for levering av elektroinstallasjon for til saman fire serviceskip til havvindindustrien, opplyser Hareid-konsernet i ei pressemelding.
Skipa skal ha hybrid framdrift og vere budd på bruk av metanol som drivstoff. Dei to første fartøya skal leverast i 2025, og dei to neste i 2026.
– Saman med kontraktar ved andre lokale verft, bidreg prosjekta på Ulstein Verft til en solid ordrebok og høgt aktivitetsnivå i 2025 og 2026, seier dagleg leiar Tor Marthin Sørli i HG Teknikk.
Hareid Group skal levere elektroinstallasjonar på til saman seks havvindskip under bygging ved Ulstein Verft. I tillegg har dei oppdrag med tavlepakkar på eit kabelskip ved same verft.
Publisert: 19.04.2024 13:17
Sist oppdatert: 19.04.2024 13:17