NPK-NTB: Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) varslar lovendringar som vil prioritere utvida stilling til deltidstilsette framfor nytilsettingar.
– Det vil no bli vanskelegare for ein arbeidsgivar å lyse ut stillingar utan å skjele til korleis stillingsbrøken er for dei andre tilsette. Eg håpar det kjem til å bidra til heilare stillingar, og fleire heiltidsstillingar, seier Hauglie til .
Bakgrunnen for lovendringa er ein dom frå Høgsterett frå 2016, som tolka lova slik at deltidstilsette ikkje har rett til å utvide si stilling på denne måten. Sidan då har retten for deltidstilsette til å auke si stilling blitt avgrensa, hevdar departementet.
– Ei slik lovendring har også vore svært etterspurt. Vi ser at fleire og fleire jobbar heiltid, men framleis er det for mange som jobbar ufrivillig deltid.
Tal frå departementet viser at 656.000 personar jobbar deltid i Norge. Om lag 450.000 av desse er kvinner. Det er spesielt mange deltidstilsette innan pleie og omsorg.

Publisert: 08.03.2018 08:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39