NPK; Når oppdrettslaksen gyter om sommaren i staden for hausten, får lakseegga lågare nivå av fleire viktige næringsstoff, syner forsking.
– Når stamfisken gyter om sommaren, som er fleire månader før vanleg gytesesong, blir lakseegga mindre. Når vi undersøkjer innhaldet i egga ser vi at dei også har mykje lågare nivå av fleire mikronæringsstoff og feitt, seier forskar Kaja H. Skjærven i ei sak på nettsidene til
I ein ny studie har ho sett på laks som gyter utanom vanleg gytesesong i landbaserte RAS-anlegg, og samanlikna med laks som gyter i vanleg gytesesong. Vanlegvis blir stamfisk halden i sjøanlegg, før den deretter blir tatt opp i ferskvasskar på land slik at den gyter på hausten. Dette er tilnærma villaksen som sym frå sjø og opp i elvene for å gyte på hausten.
For å skunde fram gytetida til sommaren blir stamfisken halden i RAS- anlegg gjennom heile kjønnsmodninga. RAS-anlegg er lukka anlegg på land som brukar vassresirkulering, og oppdrettarane kan med det forskyve gytetidspunktet frå haust til sommar ved å styre både lys og temperatur på vatnet. Slik får dei tilgang på nye generasjonar med laks gjennom heile året.
I forsøket fekk begge gruppene av stamfisk same type og mengde fôr. I tillegg til at den naturlege svelteperioden på tre månader i ferskvatn var lik.
Forskarane var overraska over at stamfisken som gyter om sommaren hadde høgare nivå av fleire B-vitamin, aminosyrer og feitt, samanlikna med fisken frå normal gytesesong. Men analysane av egga inneheldt derimot mykje lågare nivå av desse næringsstoffa, samanlikna med egga frå stamfisken som gyter om hausten.
– Det viser at stamfisken som gyter om sommaren ikkje overfører nok næringsstoff til egga, og at modninga ikkje er like optimal for å få god vekst for neste generasjon, seier Skjærven.

Publisert: 25.06.2020 15:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26