Kort fortalt
Hav har signert ferjekontrakt
Skal levere til sjølvgåande ferjer.
01.03.2024
Fjord1 forplikta seg i fjor til Hav Group som teknologipartnar og nøkkelleverandør for utviklinga av eit nytt ferjekonsept for Lavik-Oppedal-sambandet.
No er kontrakten signert, melder Hav Group i ei børsmelding.
Hav Design har inngått kontrakt om å designe og utvikle fire nye, autonome nullutsleppsferjer som skal trafikkere Lavik-Oppedal sambandet i Sognefjorden.
Hav Design er eit datterselskap i Hav Group-konsernet.
Ferjene skal byggast av Tersan Shipyard i Tyrkia, som er Hav Design sin kontraktsmotpart.
Publisert: 01.03.2024 10:18
Sist oppdatert: 01.03.2024 11:11