Hav Group fjord1 montasje Nils Haktor Bua foto illustrasjon Marius Fjord1
PASSASJER-TRYGGLEIK: Seksjonssjef Nils Haktor Bua i Sjøfartsdirektoratet understrekar at tryggleiken til passasjerane om bord, er det viktigaste når dei vurderer løysingar for autonom skipsfart. Det er opp til leverandøren å overtyde om at deira løysing er minst like god som konvensjonelle metodar. Hav Group skal levere teknologien til fire nye Fjord1-ferjer som på sikt skal segle autonomt. Foto/illustrasjon: Marius Rosbach
Nytt

– Eit ekstremt spennande prosjekt

Sjøfartsdirektoratet gler seg til å følgje korleis Hav-konsernet utviklar ferjedrift utan hjelp frå menneskehender.

Marius Rosbach
01.03.2024

Onsdag var nærare 100 deltakarar samla til skipsteknologikonferanse i Ulsteinvik. Her fekk dei ei djupdykk i alt frå status for autonom skipsfart, løysingar for automatisert vedlikehald og kva rolle sjøfolk vil spele i framtida.

For å ta det siste først: Panelet som oppsummerte sesjonen for autonom skipsfart, var samde i at det ville ta lang tid før det segla skip langs kysten heilt utan folk om bord.

Kan få andre oppgåver om bord
Med innføring av dagens tilgjengelege teknologi, kan mannskapet om bord på ein del skip likevel om kort tid vere frigjort til andre oppgåver, enn navigering eller maskinovervaking.

– Kanskje vil det vere behov for nokre færre sjøfolk i framtida, men samtidig er det allereie eit spørsmål; i kva grad klarar vi å utdanne nok folk til desse næringane, påpeika Nils Haktor Bua frå Sjøfartsdirektoratet.

Utviklinga går i retning av meir bruk kontrollsenter på land, der det kan blir behov for personar med anna type utdanning. Kongsberg Maritime er mellom dei som har etablert eit slikt senter i Ålesund.

Førebels er bruken på teststadiet, og NETT NO var i fjor «med på» seglas med fôrfraktaren Eidsvaag Pioner frå Averøya til Frøya.

Kongsberg Maritime kontrolsenter NMK foto marius 22
KONTROLLSENTER PÅ LAND: Fleire seglasar og operasjonar blir i framtida truleg utført frå kontrollsenter som Kongsberg Maritime har etablert på Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund. Foto: Marius Rosbach

Rekordstort oppdrag for Hav Group
Bua er seksjonssjef for ny maritim teknologi i direktoratet. Sjølv om det har teke lengre tid med autonom skipsfart enn industrien trudde for nokre år sidan, meiner han det no skjer mykje interessant.

Eitt av desse er Hav Group sitt oppdrag med å automatisere dei komande Fjord1-ferjene som skal gå over Sognefjorden. Den formelle stadfestinga av kontrakten kom i ei børsmelding fredag.

– Det er eit ekstremt spennande prosjekt, sa seksjonssjefen om arbeidet med å finne ut korleis dei nye ferjene på Lavik-Oppedal-sambandet kan segle utan hjelp av menneske.

– Her kjem det til å kome veldig mykje spennande, som vil bane veg mot meir automatiserte operasjonar for bilferjer, la han til.

Hav group autonom ferje fjord1 foto marius
MYKJE ANALYSEARBEID: Hav Group har eit omfattande analyse og dokumentasjonsarbeid framføre seg, for å finne ut korleis Lavik-Oppedal-ferjene kan segle meir automatisert. Foto: Marius Rosbach

– Skal overvakast frå eit kontrollsenter
Konsernsjef Gunnar Larsen i Hav Group hadde med seg Ole Rørhus og Siv Hjørungnes for å snakke om korleis dei ville ta fatt på eitt av deira største oppdrag nokon gong.

Målet er at den vanlege ferjeoperasjonen skal skje utan menneskeleg inngripen. Til det trengst ein rekke ulike typar sensorar for å navigere og unngå uhell undervegs.

– Det heile skal overvakast frå eit kontrollsenter på land og det vil vere mannskap om bord, som kan gripe inn og ta kontroll om det er behov for det, fortalde Hjørungnes.

For å kome i mål har dei eit omfattande analyse og dokumentasjonsarbeid framføre seg. Ferjene skal etter planen vere i trafikk frå september 2026.

Yara Birkeland foto yara international 11
TESTPERIODE: Vard-bygde Yara Birkeland er i gong med testing av autonom drift, fleire år etter den opphavlege planen. Foto: Yara International

– Store moglegheiter innafor regelverket
Seksjonssjef Nils Haktor Bua har ikkje noko kort og konkret svar å gi til bransjen om kva tid det kjem eit regelverk på plass for autonom skipsfart. Han stiller også spørsmål ved om det er eit felles ønske i den maritime industrien.

– Det ligg allereie store moglegheiter innafor regelverket som finst i dag, påpeika han.

I dag er reglane slik at utviklaren av systemet må overtyde om at deira løysing er minst like trygg – eller tryggare – enn tradisjonell skipsfart innan det segmentet.

Samtidig viser han til at den internasjonale skipsfartsorganisasjonen IMO – med å utvikle internasjonale reglar. Arbeidet er kalla MASS-kode (for maritime autonomous surface ships, journ. anm.) og norske styresmakter har ein aktiv rolle i arbeidet.

Zeabuz brødrene aa foto Torghatten Zeabuz
FØRARLAUS PASSASJERFERJE: Brødrene Aa har bygd den første førarlause ferja fraktar passasjerar i Stockholm. Foto: Torghatten/Zeabuz

Fleire i gong med testperioder
Seksjonssjefen trekte fram fleire eksempel der Norge er langt framme innan autonom skipsfart. Yara Birkeland og Asko sine «sjødroner» over Oslofjorden er prosjekt der testperiodane er godt i gong.

Ocean Infinity er snart i gong med første steg på veg mot autonomi for sine første skip i Armada-flåten. Dei har fått ein serie støttefartøy levert av Vard, som i stor grad vil bli automatisert eller fjernstyrt, og er levert frå Vard.

– Dette trur eg også blir gode prosjekt, sa Bua.

Zeabuz var eit anna prosjekt som blei presentert under konferansen. Også her er den maritime klynga på Nordvestlandet involvert. Det er Brødrene Aa-verftet i Hyen som har bygd den første førarlause miniferja som skal frakte passasjerar i den svenske hovudstaden Stockholm.

Publisert: 01.03.2024 05:30

Sist oppdatert: 03.03.2024 18:51

Mer om