Kort fortalt

Hav-signering med Fincantieri-verft

Skal bygge havvind-fartøy.

27.02.2023

Hav Design har signert ein avtale med Fincantieriverftet Fincantieri Bay Shipbuilding.

Verftet skal bygge Havvind-fartøyet Hav Design har designa for selskapet Crest, som er eit samarbeidsselskap mellom USA-selskapet Crowley og danske Esvagt.

Avtalen mellom Crest og Hav Design vart offentleggjort 17 januar i år. Det som er nytt i dagens børsmelding er at avtalen mellom Hav Design og Fincantieri Bay Shipbuilding er signert.

Fartøyet skal brukast utanfor kysten av Virginia i USA, skreiv dei to selskapa i ei felles pressemelding.

"Kontrakten markerer det amerikanske gjennombruddet for HAV Design, som blir den første europeiske skipsdesigneren til å utvikle en SOV for det amerikanske markedet.", skreiv Hav Group i børsmeldinga 17. januar.

Publisert: 27.02.2023 08:10

Sist oppdatert: 27.02.2023 08:25