Ferje hurtigbåt fjord1 montasje dagfinn neteland foto marius
HALVT AMERIKANSK EIGD: Fjord1-sjef Dagfinn Neteland (innfelt) leiar eit reiarlag som vil vere halvt norsk og halvt amerikansk - men er kritisk til inntoget av utanlandske eigarar i norske reiarlag dei siste åra. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fjord1-sjef kritisk til fondseigarar

– Skal berre sole seg i glansen frå den grøne teknologien, meiner Fjord1-sjefen – men er «strålande fornøgd» med Sævik sin amerikanske partnar.

Marius Rosbach
04.10.2021

Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 var før helga i Ulsteinvik for å snakke om satsinga på elferjer.

Men det er eit anna tema reiarsjefen får mange spørsmål om for tida – den nye eigarkonstellasjonen i Fjord1 som halvt norsk og halvt amerikansk med Herøy-baserte Havila og Vision Ridge Partners i USA.

– Eg er strålande fornøgd. Vi har ein industriell eigar i Norge som kan verksemda vår, også har vi ein internasjonal kapitalist som elskar miljø. Det er heilt fantastisk, fortel Neteland til NETT NO.

Sævik-familien tok tidlegare i år full kontroll over reiarlaget via Havila, og tok selskapet av børs. Havila og Vision Ridge Partners har tidlegare opplyst at planen er utvikle Fjord1 til eit integrert transport- og reiselivsselskap, der dei også skal samarbeide om Havila Kystruten.

– Har ikkje peiling på kva vi held på med
Reiarsjefen er kritisk til korleis ein rekke selskap som driv med ferje- og passasjertrafikk har fått utanlandske fond som eigarar.

– Dei har ikkje peiling på kva vi held på med i Norge, og skal berre sole seg i glansen frå den grøne teknologien. Også skal dei ha rapportar, legg Neteland til og ler.

Sidan Hurtigruten blei selt til det britiske fondet TDR i 2014, har det også kome inn fondseigarar som kontrollerer Boreal og Norled.

– Eg er så glad for at vi har den 50-50-delinga. Det er veldig bra, seier Neteland om Fjord1-eigarskapen.

Har starta nye Fjord1-selskap
For Fjord1 sin del er planen at dei amerikanske partnarane tek over halvparten av aksjane i reiarlaget, og prosessen er allereie i gong.

I sommar har Vegard Sævik teke styreleiarrolla i dei to selskapa Fjord1 Topco AS og Fjord1 Holdco AS.

Kunngjeringar frå Brønnøysundregistera i juni og august, viser endringa i selskapsnamn og formål for hylleselskapa frå Advokatfirmaet Schjødt i Oslo.

Første utlandsinvestering for Vision Ridge
Det Colorado- og New York-baserte Vision Ridge vart etablert i 2008 av tidlegare Baupost Group-sjef Reuben Munger. Ifølgje selskapet konsentrerer dei seg om berekraftige investeringar innan energi, landbruk, transport og eigedom.

Hittil har dei berre hatt investeringar i USA, og Fjord1 er dermed første satsinga utanfor USA.

Publisert: 04.10.2021 05:55

Sist oppdatert: 04.10.2021 08:49

Mer om