Kjøper tilbake lån
Fekk ikkje full pott hos obligasjonslångivarane.
Fjord1 sitt morselskap, Fjord1 Holdco - kjøper tilbake 289,5 millionar kroner av obligasjonslånet som forfell til betaling i november 2022.
Selskapet varsla 9. desember i år at det ville kjøpe tilbake inntil 350 millionar kroner av det børsnoterte obligasjonslånet.
Då tilbodet kom var obligasjonane sist handla til kurs 99,10 prosent, like under kursen lånet var utstedt i.
Får avkastning
Tilbodet til obligasjonslångivarane var at dei kunne gi ein kurs dei vil ha for å selje og også varsle kor mange obligasjonar dei ville selje. Dei som baud den kursen Fjord1 Holdco eventuelt aksepterte, eller lågare, skulle få seld obligasjonane sine.
Fjord1 Holdco aksepterte ein kurs på 103,125 prosent. Den kursen gjer at Fjord1 Holdco no kjøper obligasjonar for 289,5 millionar kroner.
Obligasjonseigarane får pengane sine 17. desember.
Publisert: 15.12.2021 08:41
Sist oppdatert: 15.12.2021 08:42