Havvindprosjekt utsett
Blir ikkje kunngjort før i 2025.
NPK-NTB: Energiminister Terje Aasland (Ap) stadfestar at Noregs neste store havvindprosjekt, Utsira Nord, blir ytterlegare utsett. Prosjektet blir antakeleg ikkje kunngjort før i 2025.
Onsdag vart det klart at Noregs første storprosjekt på havvind – Sørlege Nordsjø II – gjekk til det belgisk-nederlandske konsortiet Ventyr, som no skal realisere prosjektet.
Til Dagens Næringsliv stadfestar no energiminister Aasland at utlysinga av det neste store prosjektet – Utsira Nord – truleg ikkje kan skje før tidlegast i byrjinga av 2025.
Prosjektet er allereie forseinka i påvente av løysing på ein floke med Eftas overvakingsorgan Esa i Brussel, skriv avisa. Esa stilte seg tvilande til statsstøttemodellen det var lagt opp til, men no er det klart at prosjektet kan notifiserast til Esa utan at statsstøttenivået blir oppgitt.
– Eg vil at vi skal kunngjere Utsira Nord raskt etter at notifikasjonen endeleg er godkjend av Esa. Og det betyr at vi nok må bruke dette året på det, seier Aasland.
Det betyr at det er stor fare for at Utsira Nord, i staden for å gå nesten parallelt med Sørlige Nordsjø slik planen var, endar opp med å bli ein del av neste havvindrunde i Noreg i 2025.
– Det er klart det er ei ulempe for dei som er veldig utolmodige etter å søkje no. Men samtidig gir det betre føreseielegheit og rettsleg tryggleik for søkjarane at vi får alle avklaringane først, seier Aasland.
Regjeringa har tidlegare fått kritikk for at dei starta dialogen med Esa for seint, og fleire bransjeorganisasjonar har tidlegare sagt frå om at dette kan føre nettopp til ei slik utsetjing som Aasland no stadfestar.
Publisert: 25.03.2024 08:41
Sist oppdatert: 25.03.2024 08:59