Belgisk-svensk selskap vann havvindauksjon
Skal bygge vindkraftanlegg sør i Nordsjøen.
Det er belgiske Parkwind og det svenske Ikea-konsernet selskap Ingka Investments som vann auksjonen om få bygge ut vindkraftanlegg i det som blir kalla Sørlege Nordsjø II. Dei to har etablert konsortiet Ventyr Nordsjø II.
Det offentleggjorde energiminister Terje Aasland og statsminister Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse i dag.
Auksjonen var organisert slik at den bodgivarane som kravde den lågaste garanterte kraftprisen fekk tilslaget.
Parkwind/Ingka Investment-konsortiet er garantert ein pris på 115 øre per kWh. Blir prisen lågare får konsortiet utbetalt mellomlegget som statleg støtte, blir den høgare tek staten det overskytande.
Korkje Energiminister Terje Aasland eller statsminister Jonas Gahr Støre ville kommentere når utbygginga av Sørlege Nordsjø II vil starte, men viste til at de var eit spørsmål Ventyr måtte svare på.
Viktig på Nordvestlandet
Havvindmarknaden har blitt viktig også for Nordvestlandet.
For første gang er oppdrag knytt til utbygging og drift av vindkraftanlegg til havs blitt den største einskildmarknaden for bedriftene i den maritime klynga her.
Havvindmarknaden står for 17 prosent av driftsinntektene, ifølgje analysen Menon Economics utarbeidde for GCE Blue Maritime og offentleggjorde i september 2023.
Les også
Uvisse
På førehand var det knytt spenning til om regjeringa ville motta bod på å få bygge ut vindkraftanlegga, mellom anna på grunn av kostnadsauke for vindkraftutbyggjara og reduserte interesse for å bygge ut felt i andre deler av verda.
Taket for statsstøtte til utbyggar er 23 milliardar kroner.
– Dette er en milepæl i regjeringens havvindsatsing, og i dag har vi tatt eit stort seg videre i arbeidet med å utvikle havvind i Noreg, seier energiminister Terje Aasland i pressemeldinga.
Fullt utbygd og ved optimale forhold skal Sørlege Nordsjø II-feltet ha ein produksjonskapasitet på 3000 MW.
Krafta frå turbinane skal førast i land i Noreg.
Fem kvalifiserte
Fem selskap/konsortium var kvalifisert til å delta i auksjonen:
*Aker Offshore Wind, BP og Statkraft
*Equinor og RWE
*Norseman Wind (Energie Baden-Württemberg AG)
*Shell, Lyse og Eviny
*Ventyr (Parkwind og Ingka)
I tillegg til Ventyr Nordsjø II deltok ein til av dei fem kvalifiserte i auksjonen. Aasland og Støre vil ikkje opplyse kven som var konkurrenten.
Ifølgje Dagens Næringsliv var Equinor den andre konkurrenten i auksjonen.
Publisert: 20.03.2024 10:54
Sist oppdatert: 20.03.2024 11:55