Kort fortalt

Heider til Storfjord Iskrem

Tildelt "Spesialitet"-merket.

NPK
30.01.2023

NPK/NETT NO: Is frå Storfjord Iskrem fekk tildelt merkeordninga «Spesialitet» under opninga av Grüne Woche i Berlin i januar.

«Spesialitet» er ei offisiell merkeordning som viser forbrukaren veg til lokalmat i særklasse. Ordninga skal fremje mangfaldet av lokalmat- og drikke i Noreg og blir forvalta av Stiftinga Norsk Mat. Kva mat- og drikkevarer som kjem gjennom nålauget blir bestemd av ein uavhengig fagjury.

Dette seier juryen om Storfjord Iskrem sin hasselnøttis: «Hasselnøtt- iskremen har ein delikat utsjånad og ein smidig konsistens. Smaken er frisk og fyldig med ein rein og mild smak av hasselnøtt.»

Publisert: 30.01.2023 08:51

Sist oppdatert: 30.01.2023 08:55