Kort fortalt

- Heilt vilt vedsal

Kuldebølgja gir rekordsal av ved.

01.03.2018
NPK-NTB: Sibirkulden som har lagt seg over store delar av landet, har sendt vedsalet til vêrs. Leverandørar melder om dobling i salet og tomme lager.
– No er det heilt vilt – telefonen står nesten ikkje stille. Nye vêrmeldingar om russarkulde får folk til å handle ved som aldri før, seier dagleg leiar Ole Eidsvik i Vedbilen.no i Ålesund til Nationen.
Avisa har snakka med vedleverandørar i Møre og Romsdal, Østfold, Hedmark, Telemark og Trøndelag. Alle melder om ein kraftig pågang, og fleire har allereie tømt heile lageret sitt.
– Vi kunne truleg selt 50 prosent meir enn i fjor, dersom vi framleis hadde hatt ved på lager, seier Geir Venås i Myri Vedproduksjon i Seljord i Telemark.
Noregs største vedprodusent, Roy Vermundsberget, melder også om knallsal.
– I januar hadde vi auka vedsalet med heile 70 prosent i forhold til same tid i fjor – og dette er heilt klart vår beste sesong nokosinne, seier Vermundsberget, som også har tømt lageret.
Produsentane seier at dei merkar ekstra effekt av sprengkulden som har ramma den siste veka. Tidlegare har fleire butikkar i Trøndelag og Hordaland meldt at dei er tomme for ved.
– Meldingar om vedmangel denne veka fører til ekstra stor pågang – særleg frå eldre folk som fryktar dei skal gå tom for brensel før påske, seier Eidsvik.

Publisert: 01.03.2018 09:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39