Kort fortalt

Held fram, og får lønnshopp

Eldar Sætre held fram som konsernsjef i Statoil.

20.10.2017
NPK-NTB: Konsernsjef Eldar Sætre i Statoil vil ikkje nytte retten til å gå av med pensjon ved fylte 62 år, opplyser selskapet.
Sætre fyller 62 i februar neste år. Sætre vart utnemnt til konsernsjef i Statoil i februar 2015 etter å ha fungert i stillinga sidan oktober 2014.
– Styret i Statoil har hatt eit ønske om at Eldar Sætre skulle fortsette som konsernsjef. Han har som konsernsjef lykkast med å gjennomføre viktige endringar i Statoil. Han har leidd selskapet gjennom ein krevjande periode for industrien, og Statoil er i dag eit sterkare selskap, seier styreleiar Jon Erik Reinhardsen i ei pressemelding.
– Han er rett person til å leie arbeidet med å utvikle Statoil som eit breitt energiselskap, med ein klar strategi for sikker drift, høg verdiskaping og låge utslepp, held han fram.
Samtidig aukar Sætres grunnlønn med vel ein halv million kroner til 8,767 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til ein auke på 373.000 kroner i fjor som følgje av det Statoil omtalar som ei teknisk justering.
Sætre hadde i fjor ei samla godtgjering på 14,16 millionar kroner. Av dette var 7,7 millionar kroner fast lønn.
Sætre vil gå av med pensjon seinast når han fyller 67 år, men beheld retten til å gå av tidlegare.

Publisert: 20.10.2017 16:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41