Kort fortalt

Held styringsrenta uendra

Heilt i tråd med forventningane frå Noregs Bank.

20.08.2020
(NPK-NTB): Noregs Bank har bestemt at styringsrenta skal haldast på rekordlåge 0 prosent også etter rentemøtet på onsdag.
Avgjerda er heilt i tråd med forventningane til ekspertane. Ingen av dei 31 analytikarane Reuters snakka med i forkant av rentemøtet trudde sentralbanken ville heve renta no.
Rentebanen tilseier at første renteauke kjem heilt på tampen av 2022 og skal følgjast av to renteaukar i 2023.
Rentemøtet vart halde onsdag, men avgjerda offentleggjort først dagen etter.

Publisert: 20.08.2020 10:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25