NPK-NTB: Arbeidslivsbarometeret for 2020 viser at nordmenn heller vil ta ein dårlegare betalt jobb enn å flytte på seg dersom dei mistar jobben, melder Aftenposten.
Arbeidstakarorganisasjonen YS legg fram arbeidslivsbarometeret for 2020 tysdag. Der kjem det fram at nordmenn er svært knytte til staden dei bur.
På spørsmål om kva dei vil gjere viss dei mistar jobben, svarer 47,2 prosent at det vil vere aktuelt å ta seg ein dårlegare betalt jobb, medan 23,9 prosent er villig til å byte bustad for å få ein ny jobb, skriv Aftenposten.
Undersøkinga vart gjennomført i april, medan dei norske arbeidsløysetala gjekk til vêrs. Nesten 3.000 arbeidstakarar har delteke.
– Nordmenn er utan tvil bufaste. Det er ei utfordring at ikkje alle ønskjer å byte bustad for å komme i nytt arbeid. Samtidig er det forståeleg, med tanke på konsekvensane for etablerte familiar, seier YS-leiar Erik Kollerud til avisa.

Publisert: 11.08.2020 07:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25