Kort fortalt

Helseministeren rår mot fylle-julebord

– Vi veit at det kan føre til tett kontakt. 

25.09.2020
(NPK-NTB): Helseminister Bent Høie (H) rår folk frå å gjennomføre tradisjonelle julebord med fyll og fanteri. Men ei hyggjeleg samling med kollegaer er greitt.
Helseminister Bent Høie seier til at det er mogleg å gjennomføre julebord trass i epidemien i Noreg. Men ein bør unngå tradisjonelle julebord med mykje fyll.
– Dersom ein tenkjer å gjennomføre julebord som er i tråd med parodien av eit julebord, så bør ein ikkje gjere det. Dette fordi at vi veit at det kan føre til tett kontakt og auke smitterisikoen, seier Høie til Dagbladet.
– Men å ha ei hyggjeleg samling med kollegaer er greitt så lenge det blir gjennomført i tråd med dei gjeldande smittevernråda.
Helseministeren seier ein kan fordele dei tilsette på fleire julebord til ulike tidspunkt.
– Men ein skal overhalde éinmetersregelen gjennom heile arrangementet, seier Høie.
(©NPK)

Publisert: 25.09.2020 07:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25