Sunny Lady 1 foto Teige Gruppen
SUNNY LADY: Det 86,5 meter lange ringnotsnurpar- og trålarfartøyet er det nyaste tilskotet i Teige Rederi. Foto: Teige Gruppen
Kort fortalt

Herøy-båtar fiska kolmule for 250 millionar

Eventyrleg fiske i internasjonal sone.

23.04.2024

Båtane frå Herøy-flåten har fiske kolmule til ein verdi på rundt 250 millionar kroner, ifølgje Vestlandsnytt.

Det har igjen vore eit eventyrleg kolmulefiske i internasjonal sektor, ifølgje avisa som viser til ei melding frå Norges Sildesalgslag. Mindre enn ti prosent av den norske kolmulekvoten på 372.000 tonn står no att å fiske.

Herøy-flåten har samla fiska kring 73.000 tonn sidan fiske kom i gong i februar. Sunny Lady som har to kvoter, har åleine fiska kolmule til ein verdi av kring 45 millionar kroner.

Publisert: 23.04.2024 23:52

Sist oppdatert: 25.04.2024 00:41

Mer om