Kort fortalt

Herøy-fiskar framleis på sjukehus

Ein av dei skada fiskarane på fabrikktrålaren "Granit IV" er framleis til behandling ved Nordlandssjukehuset i Bodø.

09.01.2014
Dette får NETT NO stadfesta av sjukehuset torsdag kveld. Fiskaren vert behandla av det som vert karakterisert som moderate skader.
Etter det NETT NO kjenner til er denne fiskaren frå Herøy. Den andre som var til behandling ved sjukehuset, er no utskriven, vert det opplyst.
Dei to fekk den etsande syra kaustisk soda i augene og ansiktet ved ei arbeidsulukke på fabrikkskipet tysdag. Dei vart etter ulukka henta med Sea King-helikopter og frakta til Nordlandssjukehuset. Les meir .

Publisert: 09.01.2014 20:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22