Herøy-oppdrettar vann mot If
Forsikringsselskap mistenkte pro-forma-sal frå russarar.
Arne Geirulv som mellom anna eig Villa Smolt på Moltustranda i Herøy, har vunne fram i Borgarting lagmannsrett i ein strid mot forsikringsselskapet If, ifølgje Dagens Næringsliv.
Oppdrettaren som også eig Setran Settefisk på Averøy, fekk medhald frå retten i at If ikkje kan seie opp forsikringsavtalane med dei to selskapa på Nordvestlandet.
Bakgrunnen for at If vil kansellere avtalene, er at dei meiner overdraginga av oppdrettsselskapa frå det russiske selskapet Inarctica, til Geirulv, var eit pro-forma-sal.
Forsikringsselskapet fekk medhald i sitt syn i tingretten, men lagmannsretten kom til motsett konklusjon.
Styreleiar Arne Geirulv seier til avisa at han meiner fornufta har sigra, medan motparten har varsla at dei vil anke.
Publisert: 30.12.2023 18:54
Sist oppdatert: 30.12.2023 18:58