Ny eigar på Moltustranda
Den norske leiinga har kjøpt ut russisk oppdrettskjempe og overtatt settefiskanlegg.
Selskapet som har settefiskanlegg på Moltustranda har fått ny eigar.
Den nye eigaren av Villa Smolt-selskapet er Arne Geirulv frå Averøy, som no skal drive vidare med dei same folka som har stått for drifta så langt.
– Det har vore ein sokalla «management buyout» og selskapet er ikkje lengre russiskeigd, fortel Geirulv til NETT NO.
Tek over selskap med tre settefiskanlegg
Averøyingen står bak selskapet Agaqua som har teke over aksjane i Villa
Smolt, og to andre selskap som tidlegare var eigd av russiske
Intarctica.
Det nye eigarselskapet blei starta i slutten av november og Geirulv fortel at eigarskiftet skjedde i midten av desember.
I tillegg til settefiskanlegget i Herøy-bygda, skal han drive dei to anlegga selskapa har på Fosen-halvøya i Trøndelag. Han fungerer som styreleiar og dagleg leiar for selskapa.
Geirulv ønsker ikke å opplyse korleis kjøpet er finansiert, eller kva prisen for aksjane var.
Årleg produksjon på 6,5 millionar smolt
Den nye eigaren fortel at dei tre anlegga til saman har kapasitet til å
produsere 6,5 millionar smolt årleg.
Anlegget på Moltustranda er det største, og har stått for kring halvparten av produksjonen. Det er ni lokalt tilsette på anlegget og dei skal halde fram som før.
Tidlegare er smolten selt til Russland, men per i dag har ikkje selskapet nye avtaler på plass.
– Det vil tida vise, er alt Geirulv kan seie førebels om kven som skal kjøpe smolten framover.
Drifta på Moltustranda har vore svært lønnsam dei siste åra. Den siste rekneskapen frå 2021 viser inntekter på drygt 55 millionar og eit overskot før skatt på 10,5 millionar. Det svarar til ein resultatmargin på nær 20 prosent.
Revisor trekte seg i fjor
Intarctica som er den største oppdrettsaktøren i Russland, var ikkje omfatta av sanksjonane i samband med krigføringa i Ukraina.
Likevel kom Villa Smolt i søkelyset då Deloitte trekte seg som revisor for selskapet i fjor haust - slik dei gjorde med alle selskap med russiske eigarar, ifølgje Geirulv.
Utan revisor stod selskapet i fare for å bli tvangsoppløyst, men det vart med andre ord aldri aktuelt. Nyleg kom ny revisor på plass.
Geirulv ønsker ikkje å kommentere merksemda dei har fått i samband med Russland-sanksjonane.
Publisert: 31.01.2023 05:00
Sist oppdatert: 31.01.2023 10:09