Kort fortalt

Hexagon auka inntektene

Men har svekka inntening.

Marius Rosbach
12.08.2021

Hexagon Composites leverte tal for 2. kvartal torsdag, som viste ei auke i inntektene til 787 millionar. Det er kring 100 millionar betre enn same periode i fjor.

Driftsresultatet enda med 2,5 millionar, ein betydeleg nedgang frå fjorårets kvartal. Underskot før skatt er framleis negativt med 68 millionar kroner i kvartalet.

Selskapet viser til at det har vore eit hektisk kvartal med sterk etterspurnad og fleire kontraktar som kom i hamn. Dei planlegg å auka kapasiteten framover i tråd med positive marknadsutsikter, opplyser selskapet i børsmeldinga torsdag.

Tala er utan det børsnoterte hydrogenselskapet Hexagon Purus. Saman med dotterselskapet, var Hexagon Composites mellom børsvinnarane tysdag. Marknaden sende Composites-aksjen på Oslo Børs ned drygt to prosent etter rapporten torsdag.

Publisert: 12.08.2021 12:05

Sist oppdatert: 12.08.2021 12:10

Mer om