Kort fortalt

Historisk satsing på solenergi

Statoil inn i stort Brasil-prosjekt.

04.10.2017
NPK-NTB: Statoil har kjøpt 40 prosent av eit byggjeklart solprosjekt i Brasil som skal levere straum til 160.000 hus. Det er første gong selskapet satsar på solenergi.
Avtalen om prosjektet Apodi, med ein kapasitet på 162 megawatt, i Quixeré i delstaten Ceará er inngått med Scatec Solar. Dei to selskapa eig 40 prosent av prosjektet kvar, mens eit brasiliansk konsortium eig resten, melder .
– Statoil supplerer aktivt olje- og gassporteføljen med lønsame fornybare energikjelder, seier konserndirektør for nye energiløysingar Irene Rummelhoff i Statoil.
I tillegg kjøper Statoil 50 prosent av prosjektselskapet slik at dei kan delta i oppbygging og drift av solenergiprosjekt i framtida. Samla kjøpspris for solenergiprosjektet og prosjektselskapet er 25 millionar amerikanske dollar, nesten 200 millionar kroner etter dagens kurs.
Byggjestart er i oktober. Statoil bidrar med personell og tenester frå Brasil og Noreg. Anlegget kan truleg begynne å levere elektrisitet frå slutten av 2018. Samla investeringskostnad for prosjektet er anslått til 215 millionar dollar, der Statoils del er rundt 30 millionar dollar, omkring 240 millionar kroner.
Satsinga får ros av miljøstiftinga Zero.
– Dette ser ut som eit fornuftig og forsiktig første steg inn i solenergi for Statoil, og ei moglegheit for å teste om Statoil høyrer heime i solenergi seier Marius Holm, dagleg leiar i Zero, til .

Publisert: 04.10.2017 09:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41