
Hofseth godtek ikkje forelegg
Klagar på straffeutmåling etter dødsulukke.
Hofseth Aqua fekk fire millionar kroner i forelegg etter at ein mann omkom i ei dødulukke på selskapet sitt oppdrettsanlegg ved Liabygda i sommar.
Selskapet har klaga på straffeutmålinga og ber om at saka blir omgjort. Dei er ikkje einige i graden av skuld og storleiken på førelegget, skriv NRK.
– Vi meiner den baserer seg på faktiske feil og er ikkje i samsvar med gjeldande praksis. Det som er vanskeleg for Hofseth å akseptere, er at det er grov aktløyse som ligg til grunn og at alvoret blir understreka ved at beløpet som skal betalast inn til staten er sett så høgt, seier Jannicke Farstad, leiar for kommunikasjon i Hofseth.
Publisert: 16.08.2024 15:47
Sist oppdatert: 17.08.2024 00:08