
Varsler millionbot etter dødsulykke
Mann mista livet i eksplosjonsulykke på jobb for Hofseth-selskap.
(NPK-NTB-NETT.NO): Hofseth Aqua i Stranda har fått ei bot på fire millionar kroner etter at ein mann omkom i ei eksplosjonsulykke på ein oppdrettsflåte i fjor sommar.
– Statsadvokaten vedtok 6. juli 2024 å gi selskapet Hofseth Aqua AS ei føretaksstraff på 4 millionar kroner. I tillegg kjem erstatningskrav på 82.736 kroner og oppreisingserstatning på til saman 372.084 kroner til dei etterlatne, opplyser politiadvokat Anne Lisbeth Hjelle i Møre og Romsdal politidistrikt til Intrafish.
Mannen var på jobb for Hofseth Aqua då ulykka skjedde 23. juni 2023.
Meiner ulukka kunne vore unngått
I ein rapport frå Arbeidstilsynet tidlegare i år, blei det konkludert med at ulukka kunne ha vore unngått, mellom anna ved betre opplæring.
Foreldra til den unge tilsette stod fram på TV2 og fortalde om tapet av sonen. Han jobba som driftsteknikar og jobba med ein vinkelslipar då ein gnist førte til eksplosjon i ein tank med død fisk.
Ulukka skjedde på anlegget til Hofseth Aqua på Ovråneset Øst.
Visste ikkje om risikoen
Hofseth Aqua har fått frist til etter sommaren til å ta stilling til førelegget.
«Vi syns det er helt forferdelig at denne ulykken skjedde på vårt anlegg og har gjort alt vi kan for at det ikke skal skje noe lignende igjen. Vi har gode rutiner knyttet til håndtering av ensilasje i Hofseth, men at det kunne skje en slik ulykke på det helt nye anlegget var hverken vi eller de som leverte det ensilasjeanlegget klar over», skriv kommunikasjonsansvarleg Jannicke Farstad til nettstaden.
Publisert: 01.08.2024 12:33
Sist oppdatert: 01.08.2024 12:46