Conta-gründer Jan-Tore Holen gir seg som administrerande direktør ved utgangen av månaden.
Det fortel sulalendingen i et intervju med Sulaposten.
Holen forsikrar at han verken skal selje seg ut, eller pensjonere seg – men i staden gå over i ei ny rolle som konsernsjef.
Holen vil jobbe frå kontor på Fiskarstranda, og samtidig flyttast investeringsselskapet Pilea til Sula.
– Eg er ein typisk gründertype som likar å starte opp ting og få ting til å skje, men når vi no etter kvart har fått så mange kundar og tilsette, blir det mange rutinar å følgje opp. Då kan nokon andre som er flinkare til slikt kome inn, og så kan eg bruke meir av tida mi til ei strategisk tilnærming, seier han til avisa.
1. april blir det kjent kven som tek over ny administrerande direktør.
Publisert: 25.03.2025 16:14
Sist oppdatert: 25.03.2025 16:14