(NPK): Dei to neste månadene svingar nordgåande hurtigrute dagleg innom Hjørundsfjorden på Sunnmøre – «en vel bevart hemmelighet» og «en av de vakreste i verden», ifølgje Hurtigruten.
Hurtigruta ankrar opp ved Urke, der det blir høve for passasjerane å vere med på utflukter til Norangsdalen, Hotel Union Øye, Haukåssetra eller Leknesdalen. Det skal òg vere rom for å slå seg ned på kafeen og puben i Kaihuset eller stikke innom Urke landhandel.
– Dette er ei stor hending for ei bygd med berre 53 innbyggjarar, skriv Urke utvikling i ei pressemelding. (©NPK)

Publisert: 01.09.2016 16:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44