på grunn av koronakrisa(NPK-NTB): Hurtigruten har avbestilt gassmotorar til tre skip på grunn av koronakrisa. Skipa skulle konverterast frå diesel til gass for å redusere utslepp.
Hurtigruten hadde opphavleg bestilt motorar til å konvertere seks skip frå dieseldrift til LGN, det vil seie flytande naturgass som drivstoff. No er motorane til tre av skipa avbestilt, skriv .
Kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten seier at planen framleis er å byggje om tre skip til LNG-drift.
– Ingen prosjekt er kansellerte eller droppa. Men i kjølvatnet av koronakrisa kan det komme endringar og justeringar. Tre av skipa skal oppgraderast til batteri- og gassdrift som planlagt. Desse blir òg dei første cruiseskipa i verda som går på biogass. Ytterlegare eitt skip er allereie ferdig oppgradert med heilt nye lågutsleppsmotorar og annan teknologi, seier Ege.
Han opplyser at reiarlaget vil bruke biodiesel for å oppnå dei nødvendige CO2-reduksjonane i samsvar med krava frå Samferdselsdepartementet.
Hurtigruten og Havila Kystruten skal frå 1. januar 2021 dele på ruta mellom Bergen og Kirkenes. Eit krav frå Samferdselsdepartementet i anbodskontrakten er at skipa skal ha 25 prosent lågare CO2-utslepp enn dagens flåte.
(©NPK)

Publisert: 20.05.2020 21:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27