(NPK-NTB): Hurtigruten har den siste tida henta tilbake rundt 400 permitterte for å setje fleire skip tilbake i drift. Denne veka blir fire skip sett tilbake i trafikk.
Skipa skal følgje den vanlege ruteplanen med anløp i 34 hamner frå Bergen og Kirkenes.
– Det kjennest godt å kunne hente tilbake tilsette og gjere det vi kan for å bidra til at små og store bedrifter langs heile kysten kan få opp aktiviteten igjen, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten.
Sjølv med fire av elleve skip i drift langs kysten, ser belegget så langt ut til å ikkje overstige 30 prosent. Det er fordi nordmenn ikkje fyller tomrommet etter utanlandske gjester som førebels ikkje får komme til Noreg, opplyser selskapet.
(©NPK)

Publisert: 01.07.2020 09:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26