Kort fortalt

Hurtigruten ønsker 50 mill. i månaden

La fram forslag til krisehjelp. 

14.05.2020
(NPK): Hurtigruten har tenkt å trappe opp aktiviteten, men er avhengig av finansiell sikkerheit. Sjefen for selskapet beskriv møtet med samferdselsministeren som konstruktivt.
Hurtigruta har lagt 14 av 16 skip i opplag og permittert nesten 3.000 tilsette, ifølgje E24. No ønsker dei å sette fleire skip i normal drift frå 16. juni.
Onsdag la selskapet fram eit forslag til redningspakke til samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).
ønsker Hurtigruten at staten skal bidra med 50 millionar kroner per månad. Då kan selskapet sette fire skip i normal drift.
Hurtigruta ønsker eit lån som sikrar at selskapet har pengar til å halde det gåande, men grensa på maksimalt 150 millioner kroner har hindra det. Dei ønsker difor at politikarane skal auke lånegrensa.
Redningsforslaget får støtte frå LO.
(©NPK)

Publisert: 14.05.2020 16:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27