Kort fortalt

Husleigeprisane kraftig opp

Aldri målt høgare prisar.

10.01.2024

(NPK-NTB): Snittprisen for å leige i Noreg steig med 7,5 prosent i fjerde kvartal. I Oslo kostar det no i snitt 16.011 kroner i månaden å leige ein bustad.

Det viser ferske tal frå Husleie.no, først omtalt i E24. No kostar det i snitt 12.387 kroner i månaden å leige i Noreg.

I 2021 passerte snittprisane hos Husleie.no 10.000 kroner på landsbasis for første gong. Dagleg leiar Kjetil J. Olsen i Husleie.no har inga tru på at leigeprisane vil bli lågare.

– Vi blir stadig fleire, og bustadbygginga har nesten stoppa opp i dyrtida. Så lenge rammevilkåra for å eige bustad for utleige gjer det vanskeleg å få til lønnsemd, vil leigeprisane vere høge, seier Olsen i ei pressemelding.

Husleie.no betener over 20 prosent av den norske bustadutleigemarknaden. Dei har ein brukardatabase på om lag 90.000 utleigarar og 70.000 leigetakarar.

Olsen er ikkje overraska over dei høge leigeprisane.

– Vi ser fleire døme på at utanlandske aktørar kjem inn som eigarar av norske utleigebustader, fordi dei slepp å betale formuesskatt, seier han.

Han meiner prisveksten ikkje kan forklarast med høgare renter åleine, men seier det er resultatet av ein villa politikk med kraftig auka skattar på sekundærbustader.

– Dette har gjort at andelen sekundærbustader har sokke betrakteleg, og spesielt i Oslo. Når vi på toppen har fått eit mykje høgare rentenivå, blir resultatet rekordhøge prisar.

(©NPK)

Publisert: 10.01.2024 09:11

Sist oppdatert: 10.01.2024 09:11

Mer om