Kort fortalt

Hytteeigarar skrur ned sdtraumen

Mange hytteeigarar gjer tiltak som følgje av høge straumprisar og stram økonomi, viser ei fersk undersøking.

NPK
13.03.2023

Det vanlegaste tiltaket er å skru ned straumen på hytta.

– Det kan vere freistande å spare nokre kroner, men det kan gi veldig store kostnader på eit seinare tidspunkt. Det er viktig å ha på tilstrekkeleg med varme slik at vatnet i røyra ikkje frys, seier skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nielsen i forsikringsselskapet Fremtind i ei pressemelding.

I undersøkinga Respons analyse har gjennomført for Fremtind blir hytteeigarar spurt om dei har gjort tiltak som følgje av høge straumprisar og/eller stram økonomi. 24 prosent oppgir at dei har skrudd straumen delvis av på hytta, medan seks prosent har skrudd straumen heilt av.

Ein kald desember gav rekordmange vass-skadar på grunn av frost og sprokne vassrøyr. Fremtind fekk meldt inn 77 frostskadar, som er det klart høgaste skadetalet for frost i desember på ti år.

– Truleg kjem auken av ein kombinasjon av kulde, høge straumprisar og for lite varme på hyttene. Takstmennene våre rapporterer om at stadig fleire hytteeigarar har justert ned varmen meir enn dei pleier, fortel skadeførebyggjaren.

18 prosent av hytteeigarane, tilsvarande 333.000 nordmenn, oppgir at dei bruker hytta mindre enn vanleg. 6 prosent har utsett vedlikehald og oppussing.

Publisert: 13.03.2023 09:25

Sist oppdatert: 13.03.2023 09:27