Det er 83 fleire enn i fjor, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.
Auken kjem av ubrukt kvote i 2022 som er overført til 2023, opplyser fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).
I 2022 deltok 13 fartøy i kvalfangsten. Fangsten var på 581 dyr, ein liten auke frå året før.
Det finst over 100.000 vågekval i norske farvatn. Norsk kvalfangst handlar om berekraftig forvaltning, meiner Skjæran.
– Skal vi nå FNs berekraftsmål, må vi ete meir mat frå havet, ikkje mindre. Norsk kvalfangst er eit lite, men viktig bidrag til sunn og kortreist sjømat, seier han.
Publisert: 20.03.2023 15:52
Sist oppdatert: 20.03.2023 15:52