Kort fortalt

Høgre-ordførar i Kinn

Partiet sikra ordførar nummer ti i nordvest.

21.09.2023

Bengt Solheim-Olsen frå Høgre blir ny ordførar i Kinn, etter ein avtale med Frp og Industri- og Næringspartiet, ifølgje NRK Vestland. Frank Willy Djupvik (Frp) blir varaordførar.

Det betyr at Høgre har sikra seg ti ordførarar mellom dei 21 kommunane NETT NO dekker på Nordvestlandet. Kinn vart den siste kommunen i regionen som fekk avklart ordførarvalet.

I den første versjonen av denne notisen stod det at Frp fekk ordføraren. NETT NO beklagar feilen.

Publisert: 21.09.2023 12:54

Sist oppdatert: 21.09.2023 21:39

Mer om