Kort fortalt

Høie vil ikkje skjerpe reglane

Smitteutbrot ved fleire verft. 

07.10.2020
(NPK): Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) vil ikkje stramme inn koronareglane for arbeidsinnvandrarar slik ordføraren i Hyllestad har bedt om etter utbrotet ved Havyard-verftet.
– Skulle vi ha stramma inn og for eksempel innført ingen unntak for karanteneplikta, så ville det ha veldig store negative konsekvensar for veldig mange hjørnesteinsbedrifter i Noreg. Ein kommune som Hyllestad ville bli veldig hardt ramma, seier Høie til .
Ordførar Kjell Eide (Ap) i Hyllestad er ikkje nøgd med svaret og meiner Høie skyv både ansvar og risiko nedover. Kommunen har 56 smitta og nabokommunen fem, alle er knytte til verftet Havyard.
– Eg veit at lengre karantenetid kan gå ut over skipsverft, ikkje berre hos oss. Men det er jo galimatias å sleppe arbeidarane til slik at vi får sånne utbrot som her. Det er ein risikosport som set heile dette samfunnet på spel, seier Eide.
Regelen i dag er at arbeidarar frå EU og EØS-land slepp innreisekarantene i arbeidstida om dei testar negativt for covid-19 når dei kjem til Norge. Om dei får ein ny negativ test etter to til fem dagar, kan dei sleppe karantene på fritida også.
Også ved Kværner Stord har det vore eit smitteutbrot den siste tida, 13 utanlandske leigearbeidarar er smitta og 240 arbeidarar sit i karantene.
har snakka med kommunelegar i fleire distriktskommunar som er svært bekymra og støttar kravet om strengare reglar for arbeidsinnvandrarar.
Kommuneoverlege Kristine Longfellow i Høyanger, der det er fem smitta, fryktar liknande utbrot som i Hyllestad.
– Eg synest det er vanskeleg. Ein spelar litt hasard, seier Longfellow til NRK.
Kommuneoverlege Jan Helge Dalen i Kinn kallar delar av regelverket eit sjansespel. Han har opplevd fleire gonger at personar har testa negativt på første prøve, men positivt på neste. Då har dei allereie starta på jobb.
(©NPK)

Publisert: 07.10.2020 13:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24