NPK-NTB: Det internasjonale energibyrået (IEA) ser for seg produksjonsvekst i Nordsjøen fram mot 2023.
I 2023 er produksjonen på norsk sokkel venta å liggje på i overkant av 2,4 millionar fat olje per dag. I 2017 låg oljeproduksjonen på litt under to millionar fat om dagen, skriv .
Land som USA, Brasil, Canada og Noreg vil sikre verda nok olje dei neste åra, sjølv om Noregs del av veksten er beskjeden. Det er USAs vekst på 3,7 millionar fat per dag som bidrar mest på tilbodssida.
IEA anslo i januar i år at USA vil passere Saudi-Arabia og bli den nest største oljeprodusenten i verda allereie i 2018.
Totalt vil landa utanfor Opec auke sin kapasitet med over seks millionar fat per dag fram til 2023, ifølgje IEA.
Men det trengst nye investeringar etter 2020, seier IEA i , som vart lagt fram måndag, melder .
Dermed er det nok olje i alle fall fram til 2020, sjølv om Venezuelas produksjon er venta å falle til nivå sist sett på 1940-talet på grunn av krisa i landet.
Etter 2020 vil verda truleg ha behov for høgare produksjonskapasitet, om den globale etterspurnadsveksten fortset.
– Det trengst meir investeringar for å kompensere for fallande oljefelt – verda treng å erstatte tre millionar fat per dag i produksjonsfall kvart år, noko som svarar til heile Nordsjøen – mens ein samtidig møter robust etterspurnadsvekst, seier Birol.
IEA seier at oljeindustrien ikkje har komme seg etter to års fall i oljeinvesteringane i 2015 og 2016, då oljeprodusentane vart tvungne til å kutte kostnadane då råoljeprisane fall frå over 100 dollar fatet til under 30 dollar.

Publisert: 05.03.2018 13:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39