Kort fortalt

Ikkje godt nok budd på dataangrep mot straumforsyning

Riksrevisjonen kritiske til NVE.

23.03.2021

(NPK-NTB): I ein ny rapport skriv Riksrevisjonen at det ikkje er god beredskap for å handtere eit dataangrep i kraftforsyninga, eit angrep som kan få katastrofale følgjer.

– Etter Riksrevisjonens samla vurdering er det alvorleg at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ikkje i tilstrekkeleg grad har sett til at det er god beredskap for å handtere IKT-angrep i kraftforsyninga, heiter det i rapporten.

Alvorleg er den nest høgaste grada av kritikk Riksrevisjonen kan komme med. Dei bruker òg den svakaste graden av kritikk, «kritikkverdig», om fem punkt i rapporten.

– Det er alvorleg når vi veit at risikoen for dataangrep i straumforsyninga aukar. Viss vi ikkje tek dette på alvor no, kan det komme eit angrep som vil få fatale konsekvensar, seier riksrevisor Per-Kristian Foss i ei pressemelding.

Publisert: 23.03.2021 11:49

Sist oppdatert: 23.03.2021 11:51

Mer om