Kort fortalt

Ingen eigendel for bedrifter.

Endrar kompensasjonsordninga.

11.06.2020
NPK-NTB: Eigendelen i kompensasjonsordninga for bedrifter blir fjerna for mai og ut august.
– Vi vil fjerne eigendelen i kompensasjonsordninga for bedrifter for mai og ut august, sa finanspolitisk talsperson i Høgre og leiar av finanskomiteen Mudassar Kapur på ein pressekonferanse torsdag.
Frå før var eigendelen for bedrifter halvert frå 10.000 kroner til 5.000 kroner.
Regjeringspartia og Frp er samde om det reviderte nasjonalbudsjettet og har i forhandlingane flytta på 4,3 milliardar kroner.
– Semja omfattar mellom anna 1,3 milliard ekstra til samferdsel og éin milliard ekstra til helse- og omsorgssektoren, seier Kapur.

Publisert: 11.06.2020 17:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26