(NPK-NTB): Kraftskatteutvalet foreslo å senke den nedre grensa for grunnrenteskatt for små kraftverk. Sånn blir det ikkje, skriv regjeringspartia i ei pressemelding.
Kraftskatteutvalet tilrådde tidlegare i haust å redusere den nedre grensa for grunnrenteskatt frå 10.000 kVA til 1.500 kVA.
– Forslaget har skapt mykje uvisse i småkraftsektoren. Sidan det er uaktuelt for oss å gjere endringa som kraftskatteutvalet foreslår, slår vi det fast allereie i dag, seier stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp).
Dei andre forslaga frå kraftskatteutvalet vil ikkje regjeringa ta stilling til før høyringsfristen har gått ut.
– Vi treng meir grøn energi i Noreg. Når vi no stadfestar at småkraftverka skal behalde grensa på 10.000 KVA også i framtida, håper eg det bidrar til ytterlegare investeringar i småkraft, skriv Ketil Kjenseth (V), leiar av energi- og miljøkomiteen i Stortinget.
(©NPK)

Publisert: 20.12.2019 09:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31