Kort fortalt

Ingen flyplasslovnader frå Hareide

Statsråden svarar han vurderer forløpande tiltak.

Marius Rosbach
26.08.2020
Samferdsleminister Knut Arild Hareide kjem ikkje med noko nye tiltak etter verkemiddel i flytrafikken no, ifølgje eit statsråden kom med til Stortinget tysdag.
Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) for å sikre rutetilbodet, mellom anna på strekninga Ørsta/Volda-Oslo.
Eit regjeringsoppnemnt utval har teke til orde for å leggje ned småflyplassar – utan å nemne konkrete stadar.
Samtidig varslar Widerøe at dei vil kutte flytilbodet ved Ørsta Volda lufthamn Hovden frå oktober, då styresmaktene sin koronahjelp blir avslutta.
Hareide påpeiker at Ørsta/Volda-Oslo-strekninga har vore inkludert i det statleg støtta minstetilbodet, for ruter der det ikkje har vore grunnlag for kommersiell drift.
– Samstundes ser vi ei usikker marknadssituasjon også i tida som kjem. Eg har registrert at Widerøe denne uka har varsla kutt i sitt tilbod frå 1.oktober. Tilbodet på kortbanenettet er svært viktig for folk i distrikta og er mange plasser som kollektivtilbod å rekne. Eit for dårleg tilbod på desse strekningane bekymrar meg. Regjeringa vurderer derfor fortløpande kva for tiltak og verkemiddel som er best eigna for å sikre eit godt regionalt og nasjonalt flytilbod, både i næraste framtid og på lengre sikt, svarar Hareide.

Les også:




Publisert: 26.08.2020 09:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25