NPK-NTB: Parat og Fellesforbundet vart ved midnatt samde med Norsk Industri om ein ny tariffavtale for tilsette ved oljedepot og drivstoffanlegg på flyplassane.
Oppgjeret ligg innanfor rammene for frontfagsoppgjeret, opplyser YS-forbundet Parat.
Parat og Fellesforbundet frå LO har sidan 10. oktober mekla med NHO-forbundet Norsk Industri om oljetransportavtalen. Den 24. september braut partane forhandlingane om avtalen, og over 50 oljetransportarbeidarar stod i fare for å bli tekne i ut i streik dersom ikkje meklinga førte fram innan midnatt.
Parat var klare til å ta ut 37 av medlemmene sine i streik frå klokka 6 måndag, medan Fellesforbundet ville ta ut 18 arbeidstakarar ulike stader i landet. Like over midnatt natt til måndag kom meldinga om at partane var samde og ein streik hindra.
I tråd med resultatet frå frontfagsoppgjeret blir det gitt eit generelt tillegg på 50 øre per time til alle frå 1. mai i år. Frå 1. november blir minstelønnssatsen auka med 5,42 kroner. Minstelønna til verkstadarbeidarane aukar meir, og dei får totalt 9,36 kroner meir i timen. Det gir eit lønnsløft på 2,6 prosent, skriv .
Grunnlaget for utrekning av skift- og turnustillegg er òg endra, i tillegg til at vakttillegga både på kvardag, helg og heilagdagar blir auka, melder .
Årets oppgjer var viktig ikkje berre økonomisk, men òg fordi bransjen ønskjer ein revisjon av innhaldet i eksisterande tariffavtale. Forhandlingsleiaren i fellesforbundet Ole Einar Adamsrød seier at semja òg har fått ei god avgjerd for å sikre lønns- og arbeidsvilkår for lærlingar.
Det er òg lagt til rette for at sjåførar med fagbrev kan forhandle fagarbeidarlønn i lokale forhandlingar, opplyser Parats forhandlingsleiar Thomas Lilloe.
– Det blir stilt strenge krav til denne typen transport for å kunne utføre sikker handtering av eksplosiv last. Det er no lagt til rette for at sjåførar med fagbrev kan oppnå fagarbeidarlønn gjennom lokale forhandlingar, seier Lilloe.

Publisert: 12.10.2020 08:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24