Kort fortalt

Inntil 10 prosent kutt

Ventar redusert norsk oljeproduksjon.

24.04.2020
NPK-NTB: Norske oljeselskap bør rekne med å kutte produksjonen med 5 til 10 prosent, meiner oljeanalytikar Anders Holte i Kepler Cheuvreux.
Misforhold mellom tilbod og etterspørsel i oljemarknaden på grunn av svekt etterspørsel under koronakrisa har sendt prisane ned og tvinga dei oljeproduserande landa til å godta kutt i produksjonen.
– Etter Opec-kutt har vi framleis 18 millionar fat i overtilbod. Så kan du trekke frå fem millionar fat på å byggje strategiske reservar, men då har vi framleis 13 millionar i overtilbod. Det er berre for mykje. Noreg, Brasil og andre oljeland er nøydde til å kutte, seier Holte til .
Olje- og energiminister Tina Bru (H) varsla tysdag at ei avgjerd om oljekutt er venta i «nær framtid».
Holte trur regjeringa vil komme med eit produksjonskutt som varer til over sommaren, og at alle produsentar må kutte med mellom 5 og 10 prosent. Kutta svarer til mellom 100.000 og 200.000 fat olje per dag av den totale produksjonen på norsk sokkel.
(©NPK)

Publisert: 24.04.2020 08:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28