Kort fortalt

Intensjonsavtale i Finland

Norwegian Hydrogen-selskap kan få bygge fyllestasjon.

18.04.2024

Det finske selskapet Helen planlegg å bygge eit produksjonsanlegg for hydrogen ved Helsinki.

Vireon har inngått ein intensjonsavtale om å bygge ein fyllestasjon for lastebilar som skal bruke hydrogen som energiberar. Stasjonen skal ligge ved produksjonsanlegget.

Vireon er eit datterselskap av Norwegian Hydrogen i Ålesund, og er oppretta for å bygge hydrogenfyllestasjonar.

Publisert: 18.04.2024 13:54

Sist oppdatert: 18.04.2024 13:54