NPK: Nigeria har lange norske handelstradisjonar. No inviterer Sjømatrådet eksportørar med til landet for å skape nye moglegheiter for mellom anna eksport av tørrfisk og laks.
Sjømatrådet har identifisert Nigeria, saman med resten av Sentral- og Vest Afrika, som eitt av sine satsingsområde for nye marknader, informerer dei på eigne .
Nigeria er éin av dei aller største marknadane til Noreg for tørrfisk, der både tørka hovud og resten av fisken er ein viktig del av nigeriansk mattradisjon. At landet er særs folkerikt og har ei raskt veksande middelklasse med internasjonale matvanar, fører til spanande eksportmoglegheiter for norske aktørar.
Under besøket frå 26. til 29. mars 2017 vil det bli arrangert eit møte med opptil 100 nigerianske importørar og ein sjømatmiddag med moglegheit for å etablere nye kontaktar. Det er også lagt opp til besøk til marknadene som sel tørrfisk og pelagisk fisk, i tillegg til eige møte med potensielle kundar av laks – både hotell, restaurantar og butikkar. Politisk leiing frå Nærings- og fiskeridepartementet vil delta på turen.

Publisert: 15.02.2017 08:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42