Kort fortalt
Island Offshore vann rettsstrid
Tilsette får ikkje erstatning.
Marius Rosbach
31.05.2022
Dei tre tilsette som gjekk til søksmål mot Island Offshore, fordi dei meinte seg forbigått ved oppbemanning av Island Constructor, har tapt ankesaka i Frostating lagmannsrett.
Ifølgje dommen seier ein einstemmig rett seg samd med tingretten, om at dei tilsette ikkje hadde fortrinnsrett. Lagmannsretten meiner difor dei heller ikkje har krav på erstatning, som denne rettsrunda dreia seg om.
Anken blir forkasta og dei tilsette må betale sakskostnadene til reiarlaget på 162.400 kroner, ifølgje dommen.
Publisert: 31.05.2022 18:16
Sist oppdatert: 31.05.2022 18:18